- Skaper store forventningar

Foto:

Av
Artikkelen er over 10 år gammel

Nasjonal Transportplan lover godt også for kystvegen.

DEL

Samferdsleminister Liv Signe Navarsete presenterte i dag framlegget til Nasjonal Transportplan for dei neste ti åra. Den svære auken til stamvegar og jernbane må føre til ei tilsvarande satsing på resten av vegane og transportnettet.

Det trur både Bremanger-ordførar Kåre Olav Svarstad og Eivind Hjellum som er sekretær for kystvegutvalet og har same posisjon i samferdsleutvalet til Flora kommune.

- Når det skal gå så mykje pengar til stamvegar og jernbane til sentrale delar av landet, kan vi vel vente oss liknande til samferdsle til andre delar av Norge. Statsråden har då lova å ta heile landet i bruk, utfordrar Eivind Hjellum.

Sia transportplanen berre omhandlar stamvegane, og regjeringa seinare i vår skal presentere endå ein pakke som fylka skal fordele til resten av vegnettet, venta Hjellum seg lite konkret om satsing på veg på våre kantar i denne runden.

– Eg må likevel få gje ministeren honnør for verkeleg å trå til, med frisk satsing og sterk auke både til stamvegane, jernbane og kystverk, konstaterer Hjellum.

Artikkeltags