Det er to rimeleg ulike øvingar å varme opp for AC/DC å spele konsert i eit lokale på 50 kvadratmeter. Det siste gjorde bandet for første gong då dei takka ja til å halde sin første intimkonsert. Og det i Florø.

Fullt hus

120 selde billettar og fullt hus var premissane i det bandet sette seg i bilen i Stavanger torsdag morgon. Men for å sitere Skambankt sine hits om utfordringa på sommardekk nordover: Alarm!, Hardt Regn, Angst, Pansersjokk, Stormkast, Fritt Fall, O dessverre, Nok eit offer og Det tar tid. Men heldigvis fekk dei skifta dekk i Førde slik at dei kom seg til Kystbyen før konserten. Rett nok seks timar etter skjema.

Gav alt

Vel framme og klare på scena gav dei skambanka siddisane det dei hadde att. Hagen overraska absolutt positivt som konsertlokale. Det var trongt og intimt, men det er absolutt å føretrekke framfor eit stort og glisse lokale i Florø på ein torsdag i oktober. Opptur.