Skambra Skambankt

(Foto: )

Laurdag var det nok eit vellykka arrangement av Rockeklubben då Skambankt halvvegs blåste publikum ut av Haavebua. Bandet sjølv kan ikkje vente med å komme tilbake.

DEL
<div id='netboard-1'> <script> googletag.cmd.push(function() { googletag.display('netboard-1'); }); </script> </div>

Les Firdaposten i 5 veker for BERRE 5 kr!

Med Espen Lothe sitt Skambankt-øl på tappekrana var alt duka for ei festaftan på Haavebua. Men tradisjonen tru er dørstokkmila usedvanleg lang for florøfolk som skal på konsert, og det var eit glisse lokale som venta oppvarmingsbandet Hald Fast når dei drog i gong. Men publikum kom seint, men godt. Då Skambankt gjekk på scena idet klokka tikka tolv, kom publikum fossande inn dørene – og Terje Winterstø Røthing og co. spara ikkje på krutet.

Hit-parade
Trass litt tekniske problem i byrjinga, hadde kvartetten frå Jæren få problem med å få med seg det energiske publikummet. Skambankt opna showet med den sjølvtitulerte låten frå deira første album framfor eit ekstatisk publikum som bokstaveleg talt hang etter berebjelkane på den gamle sildebua.

Konserten vart etter kvart ei hitparade der dei hardtslåande Jær-rockarane presenterte det beste frå dei fem albuma deira, til stor glede for dei frammøtte. Gliset var aldri langt frå munnvika til frontmann og gitarist, Terje Winterstø Røthing, når han skoda ut på den sjarmerande vesle moshpiten som stundom oppsto midt i lokalet.

Winterstø Røthing var strålande nøgd etter konserten.

– Vi er i toppform om dagen. Vi har etter kvart gitt ut fem plater og fått eit ganske breitt register, så vi prøver å ta det beste av kvar plate. Det er lenge sidan vi har spelt i lag no, så det er enormt kjekt å vere i gang igjen no, seier Winterstø Røthing.

Fleksibelt band
Bassist Tollak Friestad var strålande fornøgd etter konserten og lovprisar Florø-publikummet.

– Vi følte det var ei gjensidig glede mellom oss og publikum. Før denne turneen har det vore ei god stund sidan vi spelte konsertar sist, så eg trur det smittar over på publikum at vi er spelesugne, seier Friestad.

Han skryt av Rockeklubben og opplegget rundt konsertane dei arrangerer.

– Det er kjekt å spele her oppe i Florø, for ein får publikum så tett på seg. Den førre konserten vi hadde her er noko av det mest intime vi har spelt, og er noko vi har snakka mykje om i ettertid. Vi får ein spesiell energi, det kjennest mindre pretensiøst og det er berre å køyre på, seier Friestad.

Winterstø Røthing er samd med bandkollegaen sin.

– Vi hugsar godt den førre konserten vi hadde i Florø når vi spelte på Hagen. Vi er ikkje vanskelege å be, om florøfolket vil ha oss opp att igjen, konstaterer han.

Artikkeltags