Gå til sidens hovedinnhold

Skal til Polen med dei beste

Artikkelen er over 7 år gammel

To cellistar frå Flora kommune er plukka ut.

I februar reiser 40 av vestlandets dyktigaste strykarar under 19 år til Polen for å knytte vennskapsband over landegrensene.

Idun Hatlemark (15) frå Florø og Mildrid Taklo (13) frå Eikefjord kryssar i februar Østersjøen for å knytte vennskapsband og få nye musikalske impulsar. Jentene fortel at dei vart overraska når dei fekk den glade bodskapen.

- Eg vart veldig overraska då eg fekk vite det. Eg hadde ikkje høyrt noko om det før cello-læraren min fortalde det, seier Hatlemark.

Ho fortel at cello-spelinga har måtte lide av ei stadig veksande handballinteresse, men fortel at dette faktisk gjer ho meir motivasjon til å fortsette.

- Cello-spelinga har fått meir og meir konkurranse med handballen, men det er sjølvsagt veldig motiverande å fortsette når vi får eit slikt tilbod. Så det vert nok mykje meir fokus på musikken i tida som kjem, fortel ho.

Mildrid er klar på at musikken står i høgsetet hos ho.

- Musikken betyr veldig mykje for meg. Den lyser opp kvardagen min, fortel Taklo.

Totalt er det 40 norske og 40 polske elevar som møtast i samband med symfoniorkester-prosjekt i Bialystok, som ligg nordvest i Polen.

Kommentarer til denne saken