Skal teste ut Bondens Marked

FLORØ: Under Fjordsteam skal konseptet Bondens Marked prøvast ut. Det har eksistert i Førde sidan 2004.

Frå ein tidlegare tordag i Florø.

Frå ein tidlegare tordag i Florø. (Foto: )

DEL

BERRE 49 kr for alt på nett i 1 mnd.

Per i dag er det 23 norske byar og tettstader som har tilbodet, eit opplegg som faktisk er internasjonalt.

– Bondens Marked er blitt svært populært internasjonalt. Det den direkte kontakten med bonden/produsenten som publikum set slik pris på. Varene har identitet og så er det kjekt å handle på ein annan måte enn i handlekorga på butikken, seier marknadsansvarleg Aud Slettehaug.

Den som sel varer på Bondens Marked må sjølv ha hausta, avla eller på annan måte ha foredla vara sjølv. Det skal vere landbrukstilknytte og sporbare råvarer. Tradisjonsmat er også representert og skal vere med opphav i regionen og laga av den som sel det.

Til marknaden kjem mellom anna morreller frå Lomelde gard i Sogndal, iskrem frå Alm Gard i Feios (fylkets beste lokalmatprodukt i 2010). Svanøy Røykeri, Håjen lefsebakeri, Kaldakari Ost, Kystvilt med hjortekjøt med fleire, fortel Slettehaug.

Planen å ha Bondens Marked i Florø igjen i november.

Heimeside til Bondens Marked.

Artikkeltags