Gå til sidens hovedinnhold

Skal spare sju millionar på sengepost-nedlegging

Artikkelen er over 13 år gammel

Helse Førde-leiinga har no rekna ut innsparingspotensialet ved å leggje ned sengeposten ved Nærsjukehuset.

Ifølgje Helse Førde sine nettsider er det direkte innsparingspotensialet på sju millionar kroner. I tillegg kjem moglege kostnadsreduksjonar knytt til drift og vedlikehald av bygningen.

– Med dei utfordringane vi står overfor, er eg overtydd om at dette er ei rett prioritering, seier Jon Bolstad.

Nedlegginga betyr også 20 innsparte årsverk, og Helse Førde har no oppretta ein nedbemanningsgruppe i samarbeid med vernetenesta og dei tillitsvalde.

Bolstad lovar framleis dagkirkurgi i Florø.

– Meir av behandlinga skal over på dagbehandling og dagkirurgi, og det blir no sett nærmare på kvar dei ulike pasientgruppene skal få si behandling, seier Bolstad.

Det skal framleis vere spesialist-poliklinikk i Florø, og det er også aktuelt å halde på lærings- og meistringsfunksjonar og blodbank i Florø. I tillegg ønskjer Helse Førde å drive vidare psykisk helsevern som i dag.

Helse Førde styrebehandlar saka 28. november i Førde, på Rica Sunnfjord Hotel.

Les styresakene her: Helse Førde