Skal selje naturopplevingar

Av
Artikkelen er over 15 år gammel

SVELGEN: Eit heilt nytt firma har sett dagens lys i Bremanger kommune. Med Norway AdvenTURes vil Rogier van Oorschot at folk skal få oppleve eventyret på sjøen, i skogen og på fjellet.

DEL

– Vi skal bli regionens aktivitetsleverandør innan friluftsliv og naturopplevingar, seier Rogier van Oorschot, som denne våren har etablert eit selskap med dette målet for augo. Då nederlendaren van Oorschot flytta til Bremanger kommune for tre og eit halvt år sidan, vart han begeistra for alt det bygdene hadde å by på av natur og kultur. Mulegheitene for eit aktivt friluftsliv er store. Men han oppdaga òg at herlegdomane berre i liten grad er tilrettelagde for folk som ikkje er lokalkjende. Det er dette han no gjer noko med.

I den tida han har budd i kommunen har han brukt mykje tid ute i naturen sjølv – både for opplevingane si skuld, og for å kartleggje potensialet.

Også småbarnsfamiliar

– Med godt gjennomtenkte aktivitetar vil både turistar og lokalbefolkning kunne få mykje meir ut av naturopplevingane sine. Dette gjeld både for småbarnsfamiliar og vaksne – og grupper, til dømes frå næringslivet, som vil drive lagbygging. For dei har van Oorschot eigne opplegg. Turar i havkajakk eller kano, rappellering ned bratte stup, såkalla juvsvinging, fjellturar med og utan fiskestong (– Eg tar folk med der fisken er størst, lovar han.), seglturar i gamle båtar eller havrafting for dei som er sugne på fart. Dette er noko av det han har på opplevingsmenyen sin.

Opplevingane kan skreddarsyast etter kundane sine ønske eller dei vere med på faste opplegg. I tillegg til at han legg til rette aktivitetane, har han også utstyret som skal til – og kunnskap som sikrar både tryggleik og rikt utbyte.

God mottaking

– Marknaden? Eg tenkjer både på den gamle heimemarknaden min, i Nederland, Tyskland og Belgia. Men også på den regionale og lokale marknaden, seier Rogier Van Oorschot. Han er svært glad for den gode mottakinga han fekk både frå privatpersonar og verksemder då han byrja å utarbeide forretningsideen sin. Han har bygd vidare på dette, og kjem til å samarbeide tett med reiselivet i heile kommunen og med turistkontora som også vil formidle kontakt med kundane.

– Det har blitt overført mykje positiv energi i denne prosessen. Eg er også på leit etter ungdommar som søkjer spenning og som vil vere med og utforske nye opplevingar. Eg kan ikkje love noko, men det kan kanskje bli ein sommarjobb ut av dette. For den saks skuld arbeid på vinterstid òg. For Norway AdvenTURes skal vere aktiv heile året, seier gründer van Oorschot.

Artikkeltags