Skal samle eit folkehav for fjordane

Anne L. Thingnæs Førsund skal til Oslo for å oppeldne folket til protest mot å bruke fjordane til deponering av gruveavfall.

Anne L. Thingnæs Førsund skal til Oslo for å oppeldne folket til protest mot å bruke fjordane til deponering av gruveavfall. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Dei har ambisjonar om å samle eit folkehav for å snu regjering og Storting.

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

«Folkehav for fjordane» er slagord når motstandarane av gruvedeponering skal kringsetje Stortinget og rikspolitikarane i protest mot at regjeringa gir løyve til gruveavfall i Repparfjord og kanskje Førdefjorden. Det skal skje laurdag 29. mars.

– Regjeringa må snu. Fjordar skal i 2014 ikkje kunne nyttast til søppelplass for enorme mengder giftig gruveslam, det bryt ikkje berre med internasjonalt og nasjonalt lovverk og regelverk, men mot allmenn rettskjensle. Slik bruk av fjordar er eit statleg brotsverk, utbasunerer Anne Line Thingnæs Førsund, som skal halde appellen for Førdefjorden.

Ho viser til Erna Solberg (H) sitt slagord i valkampen, «Nye idear, betre løysingar.»

– Å tillate gruvedeponi er det motsette. Dette er gammaldags og miljøfiendtleg, argumenterer Thingnæs Førsund.

Fiskerinæringa i nærområdet i Flora og Askvoll er skeptiske til deponiplanane.

Artikkeltags