Gå til sidens hovedinnhold

Skal gå på brakkeskule på stadion

Artikkelen er over 7 år gammel

Bystyret vedok etter ein tre timars debatt tysdag kveld å etablere ein mellombels brakkeskule på Eikefjord stadion.

Bystyret samla seg til slutt om Høgre sitt framlegg om å halde oppe framdrifta i bygginga av Eikefjord skule og at prosjektet skal fullførast innan råma på 115 millionar kroner.

Eit hundretals bygdefolk i alle aldrar kom bussande til byen for å følgje bystyret ringside. Debatten avslørte relativt fort at å la vere å bygge ny skule i Eikefjord ikkje var noko aktuelt tema. Bakgrunnen for saka var at den mellombelse løysinga i byggeperioden var budsjettert til to millionar kroner, men då det viste seg at ein kan nærme seg ti millionar, så er faren overhengande for at råma på 115 millionar ikkje kjem til å vere nok. Det var bakgrunnen til forslaget til Jacob Nødseth (uavhengig) om å ta tre månaders tenkepause for å kartlegge andre alternativ. Det kom også framlegg om andre alternative mellombelse undervisningsløysingar, som til dømes å busse ungdomsskuleelevane til Florø. Det skapte usikkerheit i eikefjordsamfunnet og ei kjempemobilisering til bystyremøtet.

No har politikarane valt ei mellombels løysing som betyr at elevane i Eikefjord får gå samla på skule i byggeperioden på to år. No skal anbodspapira på nye Eikefjord skule sendast ut. Først når anboda kjem inn på vårparten, vil ein få ein sikker indikasjon på om råma på 115 millionar er innan rekkevidde. Det kan hende at Jacob Nødseth sin spådom om at prislappen kjem til å bli langt høgare, kjem til å bli ein realitet.

FAU-leiar Julie Titlestad var glad og letta etter vedtaket:

- Vi er godt nøgde. Brakkeløysing er den beste løysinga for elevane og foreldre, slik at vi får ein heilskapleg skule å halde oss til i byggeperioden.

Kommentarer til denne saken