Skaffa seg 25 nye medlemer i påska

STOR INTERESSE: Overalt viser folk stor interesse for "Haugefisk", her på Torget i Bergen, i samband med at Bremanger Musikklag spelte i Grieghallen i oktober 2008. Foto: Annbjørg Hauge Nygård

STOR INTERESSE: Overalt viser folk stor interesse for "Haugefisk", her på Torget i Bergen, i samband med at Bremanger Musikklag spelte i Grieghallen i oktober 2008. Foto: Annbjørg Hauge Nygård

Av
Artikkelen er over 8 år gammel

Haugefisk Venner har all grunn til å gle seg over påskefangsten.

DEL

På nokre få føremiddagstimar kunne dei notere 25 nye medlemer på lista.

Dermed har det nye vennelaget som vart stifta i januar i år, tilsaman 50 medlemer, ei dobling frå før påske.

– Dette er veldig kjekt, det viser at folk er interesserte i båten og set pris på det arbeidet som blir gjort for å ta vare på båten og historia rundt båten, seier styremedlem i Haugefisk Venner, Jan Torvanger.

Han fortel vidare at då dei arrangerte open båt i påska, strøymde det til med folk i alle aldrar som ville ta båten i augesyn.

– Kor mange veit vi ikkje sikker, men eg trur det måtte vere minst 300 menneske ombord i løpet av dagen.

Artikkeltags