Gå til sidens hovedinnhold

Skaffa flytevestar til heile klassen

Artikkelen er over 13 år gammel

Kristians kunnskapar om energi resulterte i eit klassesett med flytevestar.

Då Kristian Bremnes frå Svelgen i byrjinga av august besøkte Måløy under Tall Ships' Races, stakk han også innom standen til Sogn og Fjordane Energi AS (SFE) og Enivest. Der tok han seg tid til å fylle ut quiz-skjemaet. For det vart han premiert med flytevestar til seg og heile klassen.

– Eg måtte svare på spørsmål om korleis vi kan spare straum, og masse anna, fortel Kristian.

Marknadssjef Brigt Samdal i SFE fortel av kunnskapsquizen var ganske omfattande, med mange tenkjespørsmål.

– Det var ikkje berre å krysse av i ei rute, dei som deltok måtte bruke litt tid på å svare på alle spørsmåla. Kristian sine svar merkte seg ut, saman med to andre vinnarar frå Kjølsdalen og Loen.