Gå til sidens hovedinnhold

Sjukehuset altfor høgt prisa

Artikkelen er over 13 år gammel

FLORØ/FØRDE: Staten har prisa Nærsjukehuset i Florø etter Oslo-prisar, langt over verdien bygningane har i marknaden.

Dette er ein viktig grunn til at folk i Helse Førde-systemet trur dei kan spare eit tjuetals millionar på å avvikle Nærsjukehuset.

Viktig punkt

Ei årleg avskriving langt over marknadsverdi er ein vesentleg grunn til at Helse Førde kan seie at drifta av Nærsjukehuset blir for dyr.

I budsjettet til Nærsjukehuset på kring 50 millionar kroner blir ei årleg avskriving på bygningane åleine på heile 7,6 millionar ein vesentleg utgiftspost

Grunnlaget for avskrivinga er verdien staten sette på bygningsmassen under overtaking av sjukehusa i samband med sjukehusreforma i 2002.

Sjukehuset i Florø vart då prisa til heile 126,5 mill. kroner Tala blir stadfesta av informasjonssjef Vidar Vie i Helse Førde.

– Synest du at dette er ei realistisk prising av bygga?

– Eg reknar ikkje med at dette vil vere marknadspris for Nærsjukehuset, svarer Vie.

Han opplyser at heller ikkje i Helse Førde har dei vore nøgde med Oslo-prising av sjukehusa i Sogn og Fjordane.

For også dei andre sjukehusbygga i fylket er verdsette på same måten. Samla bokfører Helse Førde i år ei avskriving på 123 millionar kroner. Av dette utgjer bygningar heile 78,4 millionar kroner.

Etter fem års avskriving kan verdien på nærsjukehus-eigedommen no stipulerast til knappe 90 millionar.