Gå til sidens hovedinnhold

Sju av ti får bygge i strandsona

Artikkelen er over 15 år gammel

Sju av ti som søkjer om å byggje i strandsona får løyve til det. Den såkalla strandlova skulle stogge bygging i 100-metersbeltet mot sjøen, men norske politikarar er svært rause med dispensasjonane.

I 2005 fekk 72 prosent av alle som søkte om dispensasjon for bygging i strandsona løyve til å gjere det, viser tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB). I fjor vart kom det inn 1411 søknader, 293 fleire enn året før.

Friluftsrådenes Landsforbund er opprørt over tala, og meiner at lova mot bygging i strandsona har liten verdi.

– Lovverket må skjerpast inn og «verstingkommunane» må miste høvet til å gje dispensasjon, krev styreleiar Knut Erling Flataker. (ANB)