Det blir framleis 0,8-grense på sjøen

FRAMLEIS "STYREPILS": Stortinget sa tysdag nei til å senke promillegrensa for fritidsbåtførarar. Dermed kan ein framleis ta seg ei øl og føre småbåt. Lite lurt, meiner Motorførernes Avholdsforbund.

FRAMLEIS "STYREPILS": Stortinget sa tysdag nei til å senke promillegrensa for fritidsbåtførarar. Dermed kan ein framleis ta seg ei øl og føre småbåt. Lite lurt, meiner Motorførernes Avholdsforbund. Foto:

Av

FLORØ: Framlegget om å senke promillegrensa for å køyre båt til same nivå som å køyre bil, fekk ikkje fleirtal i Stortinget.

DEL

Tysdag sa Stortinget nei til framlegget frå fire KrF-representantar om å innføre promillegrense på 0,2 på sjøen, det same som på landevegane. Dermed følgde Stortinget innstillinga frå transport- og kommunikasjonskomitéen, noko som ikkje fall i god jord hjå generalsekretær Elisabeth Fjellvang Kristoffersen i organisasjonen MA - Rusfri Trafikk.

- Det er heilt uforståeleg at promillegrensa for fritidsbåtførarar ikkje blir senka. Vi må få dødstala på sjøen ned, slår ho fast.

Grunnen til at både transportkomitéen og næringsminister Torbjørn Røe Isaksen seier nei, er at dei meiner det er promille på over 0,8 som utgjer den store faren, samt at det per i dag ikkje finst ressursar til å drive auka promillekontroll på sjøen.

Lover for framtida

Kristoffersen på si side, er lite imponert over politikarane si grunngjeving:

– Eg kan ikkje tru at politikarane verkeleg meiner at det er akseptabelt å føre ein båt med ein promille oppunder 0,8, seier ho i ei pressemelding frå MA.

Kristoffersen meiner argumentet om at det ikkje er nok ressursar til auka kontrollar, er eit ikkje-argument.

– Vi kan ikkje ta omsyn til dagens ressurssituasjon når vi skal endre eller lage lover og reglar, korleis skulle då samfunnsutviklinga bli? Det som er viktig er at vi får eit godt regelverk for å forhindre fatale båtulukker.

I 2018 registrerte Sjøfartsdirektoratet 23 omkomne ved bruk av fritidsfartøy i norske farvatn. Dette er seks færre enn i 2017, og det lågaste talet sidan 2001. Trass i nedgangen held talet omkomne med alkoholpåverknad seg nokolunde stabilt.

Ny rapport

– Mellom kvar tredje og hver fjerde dødsulukke frå fritidsbåt er rusrelatert. I tillegg er det store mørketal grunna manglande obduksjon, at ikkje alle omkomne blir funne, samt at alkoholstatus blir knytt til den avdøde og ikkje føraren av fartøyet, påpeiker generalsekretæren.

Statens Havarikommisjon for transport arbeider no med å samle mest mogleg ulukkesdata frå fritidsbåtulukker, som vil danne grunnlag for ein rapport som skal vere ferdig i 2019. Sjøfartsdirektoratet har fått i oppdrag frå næringsministeren å utarbeide ein handlingsplan for å få ned antall ulukker på sjøen.

Artikkeltags