Ingen vasscooter-endringar lokalt

Fritt fram: Det er ingen lokale reguleringar på vasscooter-ferdsel verken i Bremanger eller Flora.foto: tarjei langeland

Fritt fram: Det er ingen lokale reguleringar på vasscooter-ferdsel verken i Bremanger eller Flora.foto: tarjei langeland

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

18. mai vart reguleringa på vasscooter-ferdsel oppheva nasjonalt, og det er opp til kommunane å utarbeide eit regelverk.

Forutsett at dei meiner det trengs, sjølvsagt. Vasscooterane er no likestilte med fritidsbåtar, og dei må ikkje lenger enn 400 meter ut frå land for å køyre lovleg. Debatten bølgjar fram og tilbake mellom dei som synest det var rett å oppheve regelverket, og dei som meiner det hinsides at vi står utan eit regelverk. Enkelte meiner det er viktig at kommunane er «på» og lagar regelverket før folk har gått til innkjøp av dyre scooterar. Politiet fryktar det blir uoversiktleg for dei å handheve dei ulike lokale regelverka.

Lokalt har det førebels ikkje blitt sett i verk tiltak for å begrense vasscooter-køyring.

I Bremanger kommune får vi opplyst at det er dei generelle reglane for ferdsel som finst i forskrifta «Bruk av og orden i Bremanger kommune sitt sjøområde» som gjeld.

Heller ikkje i Flora er det utarbeidd spesielle reglar for vasscooterkøyring.

– Det er dei nasjonale retningslinjene som gjeld. I Flora har det ikkje vore behov for ordens- eller fartsforskrift så langt. Ein vasscooter blir rekna som ein båt, og må rette seg etter same reglane som gjeld for båtar, seier konstituert hamnesjef Jostein Lange Bergset.

Artikkeltags