Sjøsette første batteriferja i landet

Eletrisk ferje klar for drift. Hisarøy er kabelferje.

Eletrisk ferje klar for drift. Hisarøy er kabelferje. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

Solund Verft si nybygde ferje MF "Hisarøy" vart torsdag slept frå kai i Solund. Ferja skal deretter koplast opp i kabelstrekk på strekninga Mjåneset - Hisarøy i Gulen kommune.

DEL

Reiarlaget er Wergeland AS, som også driv kabelferja FJON-M i riksvegsambandet Duesundøy - Masfjordnes. Fjon-M var også bygd ved Solund Verft.

Nybygget er konstruert av Solund Verft AS i samarbeid med reiarlaget Wergeland AS og Maritime Engineering AS Knarvik.

Ferja skal døypast 23 august ved ferjekaia på Hisarøy. Ferja er 35 meter lang og 8,6 meter brei og har sertifikat for 49 passasjerar og 6 personbilar. Den kan alternativt ta eit vogntog på 12,4 meter med totalvekt 32 tonn.

Drift av framdriftssystemet er med batteri som kraftkjelde til å drive eletrisk- hydrauliske vinsjar.

Batteripakken er levert av det kanadiske firmaet Electrovaya/ Miljøbil Grenland AS. Hisarøy-ferja vert såleis den første batteridrivne ferja i landet. Den skal dra seg fram og tilbake over sundet etter to ståltau etter ein vinsj som er montert i kvar ende av fartøyet.

Artikkeltags