Gå til sidens hovedinnhold

Freyja vart dregen av Svartskjerbåen i natt

Artikkelen er over 3 år gammel

I natt rundt klokka fire vart tankskipet Freyja drege av grunn, etter det Firdaposten erfarer. Skipet gjekk på Svartskjerbåen onsdag i middagstid.

Paal Skorpen i Florø Skyssbåt fortel at han hadde ulike oppdrag ut til havaristen både i går ettermiddag og i går kveld - då hadde han med dykkarar ut.

Det måtte mykje kraft til å få Freyja av skjeret - Bukser og Berging sin BB Power med ei trekkraft på 130 tonn vart henta frå Stavanger for oppdraget. Stadt Sjøtransport var med som støttefartøy.

 

No ligg Freyja ved Westcon. Prosjektleiar Sigurd S. Haugerud ved verftet har førebels få opplysningar å komme med:

- Vi veit at der er skadar på skipet, men vi veit ikkje noko om omfanget. Det vil bli kartlagt i løpet av dagen.

Kommentarer til denne saken