Vaksne menn utan redningsvest

Karar utan redningsvest lever farlegare enn andre. ILLUSTRASJONSFOTO

Karar utan redningsvest lever farlegare enn andre. ILLUSTRASJONSFOTO Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Godt vaksne menn utan redningsvest i båten er sin eigen verste fiende når dei ferdast på sjøen.

DEL

I løpet av fjoråret mista 36 personer livet i fritidsbåtar. Det er åtte fleire enn året før.

I ulykkestatistikken er særleg godt vaksne menn overrepresenterte, det blir gjenspegla av ein snittalder på 54 år på dei som drukna.

–  Det er framleis viktig med førebyggande arbeid. Statistikken peikar tydeleg på ei gruppe som ikkje er flinke nok til å tenke på eigen tryggleik – og det er vaksne menn, seier sjøfartsdirektør Olav Akselsen.

Av de i alt 36 omkomne brukte berre åtte flyteutstyr, mens 22 var utan. Blant dei resterande seks, var det i fem av tilfellai kkje relevant for ulykka om dei hadde redningsvest eller ikkje. To kvinner omkom, men det var nær land og fartøyet var ikkje i rørsle. 

Blant dei  omkomne finn ein fem utanlandseke personar, der to av dei var busett i Norge.

– Det er positivt at ingen barn omkom som følgje av bruk av fritidsbåt i 2015. Utfordringa er at vi må få bodskapen om å bruke vest ut til menn over 40 år, seier Akselsen.

Sjøfartsdirektoratet jobbar aktivt for å spre kunnskap og informasjon om godt båtvit, og deltok blant anna med stand på tre båtmesser i fjor. Det blei også delt ut kring ein million kroner til frivillige organsisasjonar til prosjekt for barn og unge.

Litt over ein tredjedel av ulykkene skjedde i trangt kystfarvatn. Omtrert like mange skjedde i hamneområde og langs kai. Farlegaste fartøya er opne eller delvis opne fritidsbåtar.

Artikkeltags