Sjømataktørar betakkar seg for dette

SJØDEPONI: Illustrasjon som viser volumet av sjødeponiet slik det vil sjå ut når driftsperioden er over etter 45- 50 år. Området som er under vatn er grøntona, og deponiet er grått. Området til venstre viser fjordeponiet sitt djupaste område på ca 340 meters djupne, og ein på om lag 300 meters djup ved Hegreneset i Askvoll. Illustrasjon: Asplak Viak.

SJØDEPONI: Illustrasjon som viser volumet av sjødeponiet slik det vil sjå ut når driftsperioden er over etter 45- 50 år. Området som er under vatn er grøntona, og deponiet er grått. Området til venstre viser fjordeponiet sitt djupaste område på ca 340 meters djupne, og ein på om lag 300 meters djup ved Hegreneset i Askvoll. Illustrasjon: Asplak Viak. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Sjømatnæringa har samla seg til eit opprop for å sikre sjølve grunnlaget for eigen eksistens; reint hav til naturbasert turisme og marine næringar.

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

"Nei til fjorddeponi - ja til reint hav" lyder oppropet frå sjømatnæringa og turistnæringa. Dei strekar under at dei ikkje er mot gruvedrifta, men mot fjorddeponering av gruvemassane.

Næringsaktørane i sjømatnæringa har tradisjon for å ligge lågt i mediebildet, men denne saka er så viktig at dei tek bladet frå munnen. Dei som står bak oppropet representerer eit tungt næringslivsmiljø som er avhengig av reinast mogleg natur. Dei appelerer til næringslivsvennlege Høgre og Frp.

Erfaringa med lokal steinindustri i Seljestokken i Flora og på Dyrstad i Bremanger, viser at sjølv om det ikkje skal komme avrenning av støv frå aktiviteten på land, så skjer det likevel. I periodar har sjøområdet rundt utskipinga av stein vore mjølkekvitt av støv, noko som er livstrugande for alle typar fisk.

- Fjorddeponi representerer gårsdagens løysingar. Vi prøver å selje landet både heime og ute som landet med reint vatn og rein natur. Dersom regjeringa tillett fjorddeponi i Førdefjorden, så kan dette området aldri bli definert som reint igjen. Ei massiv forureining med mangeårig kontinuerleg fjorddeponering av gruveavgangsmassar bryt med intensjonane i m.a. Vassdirektivet og Naturmangfaldslova, samstundes som Norge sitt rennomé og truverd som ansvarleg miljønasjon står på spel, seier talsmann Jan Arne Holm, som til dagleg arbeider med miljø og fiskehelse-tenester.

Dei viser til at Internasjonale marknader for matvarer er særs følsomme for miljømessige problemstillingar. Norsk oppdrettslaks blir marknadsført som ein kvalitetsvare produsert i reint sjøvatn. Oppdrettsnæringa i Sogn og Fjordane er ei viktig næring. Ei fersk gransking utført av Høgskulen i Sogn og Fjordane syner ei omsetnad i 2013 på om lag 1,5 milliardar kr, at 290 personar er direkte tilsette, og om lag 450 personar er tilsette i ulike tilknytta næringar.

- Også turistnæringa nyttar dei naturgitte fortrinna våre i marknadsføring av kysten og våre fjordar, påpeikar Holm.

For å setje saka i perspektiv og synleggjere eit paradoks i den norske miljøforvaltninga, må nemner dei at blir det stilt krav til oppdrettsnæringa om å utføre jamnlege granskingar av miljøtilstanden på lokalitetane.

- Det skal mellom anna dokumenterast at drifta er slik at botndyr kan leve under og ved anlegga. Samstundes vil altså den omsøkte fjorddeponeringa utrydde store delar av botnøkostystemet i ein nasjonal laksefjord innafor eit areal på minimum 4,4 kvadratkilometer, eit område som vil bli uproduktivt i om lag 50 år, påpeikar dei i oppropet.

Som kjent har regjeringa Solberg allereie gitt klarsignal til eit liknande prosjekt i Repparfjord i Nord-Norge.

Artikkeltags