Gå til sidens hovedinnhold

Sjøfronten tek form

Artikkelen er over 12 år gammel

Men bør arbeidet stoppast inntil midlane er på plass?

Dette spørsmålet vart stilt då då saka om fullfinansiering av det første byggesteget i sentrumsutvikling Svelgen var oppe i formannskapet torsdag

Det var varaordførar Nina Grotle (Ap) som reagerte på at arbeidet med oppgraderinga av sjøfronten mellom fylkeskaia og helsesenteret i Svelgen er sett i gang utan at finansieringa av prosjektet er på plass.

– Vi har dekning til det arbeidet som allereie er igangsett, svara rådmann Tom Joensen, som gav klarsignal til oppstarten.

Det er trong for ytterlegare 1,2 millionar kroner for å fullfinansiere prosjektet.

Forslaget til vedtak var å løyve dei resterande 1,2 millionane for å ferdigstille det første byggesteget frå det kommunale næringsfondet, noko medlemene i formannskapet slutta seg samrøystes til.

Løyvinga skal endeleg godkjennast av kommunestyret.