Losen i leia

Losen Ove Henning Smelvær kommuniserer med kaptein og styrmann på brua, med taubåtane og med kaia på fjordbase der båten skal legge til.        Alle foto: Liv Standal

Losen Ove Henning Smelvær kommuniserer med kaptein og styrmann på brua, med taubåtane og med kaia på fjordbase der båten skal legge til. Alle foto: Liv Standal

Av

Kystens kjentmenn har vore heilt naudsynte for skipstrafikken i nesten 1000 år.

DEL


Utan losane ville det bli slutt på røyrtrafikken til basen. Cruisebåtar og containerskip – ingen av dei ville kunne kome inn til Florø hamn for å hente eller bringe. Nokre større båtar trafikkerer faste ruter på farleidsbevis, det vil seie at dei greier seg med den kunnskapen mannskapet har. Men hovudregelen er at dersom ein båt er lenger enn 70 meter, må han ha los om bord for å gå til og frå hamn. I fjor hadde Florø Skyssbåt, som er dei som bringar losane til og frå dei store båtane, rundt hundre oppdrag i månaden. Hundre gonger kvar einaste månad var kunnskapen til losane naudsynt for at kvardagslivet i ein liten kystby skulle gå sin gang.

Ove Henning Smelvær er det einaste lokale namnet på Florø Losstasjon, som vart oppretta i 2011. Ein av kollegene er frå Førde, elles kjem dei sju andre losane frå andre stader og bur på losstasjonen dei to vekene dei er på jobb. Også han har høve til å overnatte her for å sleppe å forstyrre familien sin dersom det vert nattarbeid. Losane har om lag same arbeidsturnus som nordsjøarbeiderane, med to veker på og fire veker av. Ove Henning har vore i yrket sidan 2009.
- Eg trur dei fleste sjømenn helst vil segle på kysten framfor det opne havet. Det vert kjedeleg i Atlanteren når du ikkje ser land på dagesvis, er grunngjevinga for kvifor han valde det tradisjonsrike yrket.

Han ringer ein laurdag morgon. Om ein time går «Sea Service» frå Fugleskjærkaia ut til Kvanhovden fyr, der han skal ombord i «Pacific Wind», ein 170 meter lang røyrbåt som skal inn til Fjordbase. Det er berre å kle godt på seg og følgje med. Ove Henning nærast spring opp losleideren – ein taustige med tretrinn som heng langs skipssida.
Han kjem om bord på Pacific Wind, går direkte til brua og helsar på kaptein Zaw Win Aye frå Myanmar. Win Aye har vore sjømann i 34 år, men dette er hans første besøk i Norge. No har Ove Henning med kart til kapteinen, og han vekslar på å studere det og følgje med på seglasen inn til Fjordbase.

Første gong Ove Henning søkte som los, var i 2008, då han var 29 år gammal. Det er svært ungt for ein los. Då fekk han ingen respons. Men året etter vart han kalla inn til psykologiske testar og intervju, og frå hausten av kunne han kalle seg losaspirant. Då var han den første frå Florø – og framleis ein av dei yngste.

- Aspirantperioden varte i 16 månader, og var krevjande. Dei første sju månadane var det ikkje mykje kona mi og dei då eitt år gamle tvillingane våre såg til meg, hugsar Ove Henning.

Når ein vert godkjend som losaspirant, går ein ikkje i turnus, som dei utdanna losane gjer. Ein har sjølv ansvaret for å kome gjennom programmet som må til før eksamen. Du må ha eksamen i områda du skal jobbe i og du skal segle saman med ein annan los i området minimum ti turar kvar veg. «Losleksa» er ei bok med erfaringane til alle dei som har gått føre deg i jobben, og denne utgjer basisen for pugging av farvatnet. Den vert oppdatert etter kvart som farleia endrar seg - det fins eigne instruktørar med ansvar for dette arbeidet.


"Eg trur dei fleste sjømenn heller vil segle på kysten framfor det opne havet. Det vert kjedeleg i Atlanteren når du ikkje ser land på dagevis».
los Ove Henning Smelvær

Eksamen vert avlagd munnleg, framfor ein komité på fire personar - losoldermannen, to losar og ein erfaren kaptein som er godt kjend i farvatnet. Under eksamen vert ein beden om å presentere farvatnet med stevningar, passeringsavstandar og farer som er spesielle for området. I tillegg skal ein kunne samtlege kaier, djupner, fyrlykter og -blinkar med karakteristikk for heile området. Utruleg krevjande og omfattande, men slik må det vere når du skal vere den alle set si lit til, både i sol og storm.

- Du jobbar meir eller mindre heile tida i denne perioden. Er du ikkje på tur, så les du.

Sjølv etter at ein er ferdig med områdeeksamen, held opplæringsprogrammet fram til ein har vore los i rundt fem år, fordi ein skal tileigne seg erfaring og ulik kursing i spesialoppdrag.

I dag har Ove Henning fått ein kollega frå distriktet her - nemlig Anders Norstrand frå Fanøya, som er stasjonert på Fedje.

«Pacific Wind» glir sakte inn mot Fjordbase. To taubåtar frå Stadt Sjøtransport er for lengst på plass, ein akter og ein framme. Begge ligg på styrbordsida av båten og oppgåva deira er å hjelpe til med å få dei 170 meterane med røyrbåt buksert trygt inn til kai. Førebels følgjer dei berre med på den langsame og majestetiske ferda innover.

På brua er det fredeleg. Sjøen er som eit stovegolv, det er litt grått og trist. Dei få kommandoane som vert gjevne, kjem lågmælt. Ikkje noko stress.

Sjølv om det er Ove Henning som sit på lokalkunnskapen, er kapteinen framleis sjef på båten. Kaptein Win Aye gir smilande uttrykk for at han er glad han har fått losen om bord. Dei har saman gått gjennom kvar båten skal, korleis seglasen inn dit skal gå føre seg og kva side den skal ha mot kaia. Ove Henning seier det er svært sjeldan han møter motstand for sine planar på brua.
- Men eg har vore ute for tilfeller der vi har diskutert og komme til einigheit om korleis vi skal gjere ting.

Det har også vore dagar utanom det vanlege. Då lasteskipet «Britannia Seaways» kom i brann utanfor Florø vinteren 2013, var det Ove Henning som fekk jobben med å lose båten til Bergen.
- Eg vart oppringd akkurat i det eg var i ferd med å gå frå borde på ein annan båt, så dei hadde losen om bord berre ein halv time etter at dei bestilte. Men då eg kom om bord var brannen sløkt og situasjonen avklart, seier han avvergande.
Han har også vore med på å lose boreriggar som har kome inn til byen.
- Det er ikkje så mange av dei her, men når dei kjem, må ein tenke på ting som at nokre riggar har eige framdriftsmaskineri, medan andre ikkje har det. Likevel treng dei fleste taubåtar fordi dei er så store. Stort sett er vi to losar på denne typen oppdrag.

Eit losoppdrag kan ta han langt av garde. Og nokre gonger passar det best å reise landevegen. Det er forklaringa på at dei fleste losane og drosjesjåførane kjenner kvarandre ganske godt. Episoden med den brennande lastebåten, til dømes, førte til at Ove Henning fekk tilnamnet «action-losen», humrar drosjesjåføren som hentar oss på basen etter endt oppdrag.

I arbeidsperiodane vert losane administrerte frå Kvitsøy losformidling, som ringer og tildeler oppdraga.

- Då vert vi sende dit behovet for los er, så eg veit sjeldan kva morgondagen bringer. Ein dag kan eg ende opp i Ålesund, og neste natt kan eg få fleire båtar i Flora-Bremanger-Vågsøy-området, for så å bli send til Bergen dagen etter.

I skrivande stund ligg det inne bestilling på losing mellom Måløy og Mongstad, på ein båt som skal inn til Florø og tek los om bord ved Kvanhovden, og på ein som skal ut frå Florø og dermed set losen av same stad.
Arbeidsperiodane er så intensive at 131 arbeidsdagar utgjer eit heilt årsverk for ein los. Dermed får dei noko som liknar ei 2/4-ordning.
Ein kan halde på heilt til ein er 65 år, om ein ønskjer det og elles er i form.

" Vi vert sende dit behovet er, så eg veit sjeldan kva morgondagen bringer. Ein dag kan eg ende opp i Ålesund, og neste natt kan eg få fleire båtar i Florø-Bremanger-Vågsøy-området».
Los Ove Henning Smelvær

Og har ein først vorte los, er det få som sluttar. Det har heller ikkje Ove Henning planar om. Kanskje er det litt fordi at los er noko ein berre vert om ein verkeleg vil det. All pugginga og arbeidet som må til, kjem oppå utdanninga som sjøkaptein. Den, eller tilsvarande utdanning frå Sjøforsvaret, ligg i botnen for alle losar.

Ove Henning har si utdanning som sjøkaptein frå Måløy Tekniske Fagskule, og dekksoffisersertifikat klasse 1.
- Eg starta som lærling i 1996 og jobba meg oppover via matros, pumpemann, 2. styrmann, 1. styrmann, og overstyrmann. I 2008 hadde eg nok erfaring og fartstid til å løyse klasse 1-sertifikatet, forklarar han.

No er han der han vil vere.

Her ser du bildeserie frå losen sin arbeidsdag.

Artikkeltags