Det største oljeutsleppet frå skip i 2017 hende i Flora-skjærgarden

Victoria May på grunn.

Victoria May på grunn. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Kystverket er uroa over mange grunnstøytingar.

DEL

I 2017 registrerte Kystverket 72 grunnstøytingar langs norskekysten, mot 69 året før. Dette talet har gått noko ned dei siste åra, men Kystverkets beredskapsdirektør Martin Ly meiner det framleis er for høgt. Og Vestlands-kysten er ein av stadane der talet på grunnstøytingar er høgast, noko som sannsynlegvis kjem av ein kombinasjon av botntopografi, tal holmar og skjær og trafikktettleik.

Bt.no fortel at det største skipsbaserte utsleppet på norskekysten i fjor, kom frå fiskebåten "Victoria May" som fekk ei uvelkommen landkjenning i området mellom Sendingane og Store-Batalden, eit område som vert rekna som ei skikkeleg paddemark med mykje båar og skjær. Denne hendinga førte til eit utslepp av rundt 2000 liter marin diesel. Av dei andre grunnstøytingane på Vestlandet, var det tre som førte til mindre utslepp.

Les også Freyja vart dregen av Svartskjærbåen i natt.

Dei fleste grunnstøytingar fører ikkje til akutt forureining, men dei største hendingane med akutt forureining langs Norskekysten har komme som følgje av grunnstøytingar. Det kan vere små marginar som avgjer om ei grunnstøyting medfører oljeutslepp eller ikkje, skriv Kystverket i si pressemelding.

Artikkeltags