I går fekk alle norske sjøfolk ei ny pensjonsordning

BETRE TILPASSA: Den nye pensjonsordninga for sjøfolk som Stortinget vedtok torsdag, skal vere meir i takt med dagens arbeidsliv.

BETRE TILPASSA: Den nye pensjonsordninga for sjøfolk som Stortinget vedtok torsdag, skal vere meir i takt med dagens arbeidsliv. Foto:

Torsdag vedtok Stortinget ei heilt ny pensjonsordning for arbeidstakarar til sjøs.

DEL

- Med endringa som Stortinget no har vedteke, vil fleire tilsette i sjøfartsnæringa kunne tene opp pensjon enn kva som er tilfellet i dag, seier saksordførar Helge Andre Njåstad (Frp) i ei pressemelding frå Stortinget.

Den nye pensjonsordninga fører blant anna til at det vil løne seg for sjøfolk å stå lenger i jobb, og det vil bli lettare å få seg nytt arbeid utanfor næringa utan å tape pensjon. Dette fordi oppteningstida blir korta ned frå 12,5 år til tre år i den nye ordninga.

Den nye sjømannspensjonen er tilpassa pensjonsreforma og tenestepensjonsordningane i privat sektor og har vore på høyring.

– Pensjonstrygda for sjømenn blei oppretta i 1948, og ei ny pensjonsordning er nødvendig for å sikre sjøfolk ein pensjon tilpassa dagens pensjonssystem, seier Njåstad.

I den nye pensjonsløysinga tener ein pensjon opp av eiga inntekt, slik som i andre tenestepensjonsordningar. Pensjonen kan takast ut frå 62 år og ein kan kombinere pensjon med arbeid. Proposisjonen inneheld overgangsreglar frå dagens ordning til ny ordning for dei over 50 år.

Stortinget endrar også namnet på lova frå lov om Opensjonstryd for sjømenn til pensjonordning for arbeidstakarar til sjøs.



Artikkeltags