- Sjødeponi er det viktigaste spørsmålet i Norge i dag

Ola Elvestuen, leiaren i Energi- og miljøkomiteen på Stortinget, fekk seg ein god latter då han såg den vesle jenta med skiltet "tåsk". Den dialektavhengige dobbeltbotnen gjekk ikkje tapt på besøket frå Austlandet.

Ola Elvestuen, leiaren i Energi- og miljøkomiteen på Stortinget, fekk seg ein god latter då han såg den vesle jenta med skiltet "tåsk". Den dialektavhengige dobbeltbotnen gjekk ikkje tapt på besøket frå Austlandet. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Det meiner Ola Elvestuen, leiaren i Energi og mijø-komiteen på Storinget. Fredag vitja han Vevring.

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

Ola Elvestuen kom i lag med Sveinung Rotevatn, stortingsrepresentant for Sogn og Fjordane. Dei kom for å vise støtte i kampen mot Sjødeponi i Førdefjorden.

At dei to Venstre-politikarane er imot sjødeponi bør ikkje overraske nokon. Men det dei sa til folk i Vevring på fredag, kan tyde på at dette er ein av fanesakene deira.

- Sjødeponi er det viktigaste spørsmålet i Norge i dag, meiner Ola Elvestuen.

- Ikkje berre her i Vevring, men også i Sør-Varanger og Repparfjorden.

Elvestuen og Rotevatn fekk full rundtur under besøket på fredag. Først blei dei køyrde opp på Engebøfjellet der det opne dagbrotet skal ligge, deretter blei dei frakta ut på fjorden med båt.

- Heile utsikta er eit planlagt sjødeponi. Eg hadde ikkje trudd det var så omfattande, sa Elvestuen der han stod på toppen av fjellet, openbert overraska.

- Eit særmerke med Førdfjorden er at det er masse liv i fjorden. Å legge eit deponi her er det same som å legge fjorden daud med opne auge.

Ei handfull land i verda tillèt sjødeponi, mellom dei Tyrkia, Papua Ny-Guinea og Norge.

- Det er ein industri vi skal få slutt på, seier Elvestuen med ettertrykk.

- Vi skal absolutt ha gruvedrift i Norge, men viss det er for dyrt med deponi på land, må verdiane bli liggande i fjellet til den teknologiske utviklinga er komen lenger.

Både Elvestuen og Rotevatn seier at dei vil bruke posisjonen som Venstre har inn mot regjeringa for alt den er verdt.

- Er den så mykje verdt, då, spør vi.

- Sjødeponi i Førdefjorden er ikkje spesifikt omtalt i samarbeidsplattforma, men det gjenstår ein god del utgreiingar, og dei skal vere kunnskapsbaserte, det skal vi i Venstre syte for.

Mellom anna er det førebels ikkje på det reine, eventuelt ikkje gjort kjent, nøyaktig kva slags kjemikaliar som skal brukast for å få massene til å synke til botnen.

Rotevatn vedgår at Venstre ikkje har uavgrensa påverknad på regjeringa.

- Vi må porsjonere krava. Det handlar om å gi og ta, seier Rotevatn og held fram.

- Vi ønskjer å legge forholda til rette for lønsam gruvedrift, men vi kan ikkje skylle babyen ut med vaskevatnet.

  • Les meir i tysdagsavisa!

Artikkeltags