Ikkje berre skal han vere første artisten som har opptredd på Stabben, i alle fall i dette tiåret; då Washburn opptredde for det nederlandske tv-teamet vart programleiaren så sjarmert at ho arrangerte improvisert intervju etterpå.
Kjem Washburn med i reiseprogrammet blir han sett av rundt to millionar nederlandske sjåarar.
Hektisk liv
Fredag kjem første plata til Washburn. Den ligg allereie ute hos Platekompaniet, og vil bli sleppt nasjonalt med releaseparty i heimbyen.
- Det har vore veldig hektisk i det siste, noko som har gått ut over jobben min og helsa. Denne helga hadde eg faktisk tenkt å ta meg fri for ein gang skuld, men eg kunne ikkje seie ned til å spele på sjølvaste Stabben. Og som alltid var det kjempekjkt å opptre, sa Washburn.
Årsaka til at han vart spurt er at eit tv-team frå Nederland var i Florø denne helga for å lage reiseprogram. Dei ville lage noko om dei lange lyse nettene, og arrangerte fest på fyret, i regi av Florø kystkulturlag.
Sjarmerte tv-kjendis
Floortje Dessing er programleiar i tv-programmet som er ein slags nederlandsk versjon av reiselivsprogrammet Lonely Planet. Ho vart sjarmert av Washburn, og improviserte intervju med sangaren etter konserten.
- Det var utruleg kjekt. Nok ein gang har eg opplevd ting som er historisk i mitt liv, eg er utruleg heldig, sa Washburn etterpå.
Les kva vår platearbeidar meiner om plata som kjem på fredag her .