Siste møte for Høgre

Hilmar Eliasson, Høgre i Flora, har vore støttespelar for Jacob Nødseth.

Hilmar Eliasson, Høgre i Flora, har vore støttespelar for Jacob Nødseth. Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

Hilmar Eliasson har hatt sitt siste bystyremøte som Høgre-representant. Han melder seg no ut i protest mot måten Jacob Nødseth vert behandla på, og vil framover møte i bystyret som uavhengig.

DEL

Tysdag gjekk Hilmar Eliasson på talarstolen i Flora bystyre og informerte om at han var på sitt siste møte som Høgre-representant.

Han vil no melde seg ut av partiet i protest mot måten Jacob Nødseth vert behandla på.

Dette betyr at Høgre misser ein representant i bystyret, medan Eliasson held fram som uavhengig folkevald.

Eliasson understreka frå talarstolen at han er nøgd med jobben som ordførar Bengt Solheim-Olsen har gjort, og også gruppeleiar Hanne Husebø Kristensen sin innsats i Høgre-gruppa.

- Eg håpar at det er plass til Jacob Nødseth i ei framtidig Høgre-gruppe, sa Eliasson.

Han understreka at utmeldinga ikkje var ei lett avgjerd å ta.

- Det smertar meg, dette er ikkje eit lett steg å ta. Men eg føler eg har rak rygg, sa Eliasson til bystyret.

Ny nestleiar i Flora Høyre

- Ei vanskeleg tid for meg og familien

Artikkeltags