Simpelt tjuveri i tunnel

Artikkelen er over 14 år gammel

MAGNHILDSKARET: Litt over klokka 20.00 laurdag tok nokon eit brannsløkkingsapparat om lag ein kilometer inne i tunnelen i Magnhildskaret.

DEL

Dette utløyste automatisk alarm direkte til alarmsentralen og vegmeldingssentralen. Samstundes går varsellysa på utanfor tunnelopningane. At dette berre dreia seg om eit tjuveri blei heldigvis fort avklara slik at ein fekk kalla tilbake brannfolka frå¨Svelgen som skulle rykkje ut, opplyser Kjetil Avsnes ved politivakta i Florø.

Politiet ser svært alvorleg på saka, som ennå ikkje er oppklara.

Artikkeltags