Simon tilbake i Florø

Simon er glad for å vere tilbake i Florø

Simon er glad for å vere tilbake i Florø Foto:

Artikkelen er over 9 år gammel

Onsdag kom Simon (9) tilbake til Florø, og er no i kyrkjeasyl.

DEL

Simon (9) og pappa Fkade kom onsdag tilbake til Florø, og klokka 13 gjekk dei i kyrkjeasyl i Florø kyrkje.

Dei to har teke seg til Norge og Florø ved eiga hjelp, og har rest med fly og tog via Stockholm og Oslo.

Firdaposten har snakka med Fkade, som seier han kun er oppteken av Simon sitt beste.

Han seier det var ei alt for stor belastning å bli verande som uteliggjarar i parken i Italia, der Simon har vore plaga av sjukdom.

Difor tok dei no sjansen på å ta seg tilbake til Norge.

Simon er veldig glad for å vere tilbake i Florø, men både han og faren er tydeleg prega av Italia-opphaldet.

Soknerådet vart informert om saka kort tid før dei to gjekk i kyrkjeasyl.

- Dette er kanskje ei av dei aller viktigaste tinga eg nokon gong har gjort, seier soknerådsmedlem Ann Kristin Takle Winterthun til Firdaposten.

Torsdag skal det vere støtteaksjonar for Simon både i Oslo og i Florø. Det blir markering på Løvebakken framfor Stortinget.

Firdaposten kjem tilbake med meir

Artikkeltags