Simon blir sendt ut

Simon og Fkadu vert transportert til Oslo, der ifrå vert sei sendt tilbake til Italia

Simon og Fkadu vert transportert til Oslo, der ifrå vert sei sendt tilbake til Italia Foto:

Artikkelen er over 10 år gammel

Politiet kom på døra til Simon og faren onsdag morgon.

DEL

Eritreiske Simon (10) og faren Fkadu vart onsdag morgon transportert vekk frå Florø. BILDE: Simon vert henta

Politiet troppa opp heime hos dei på morgonen, med beskjed om at dei to ville bli sendt til Oslo med 10.10-flyet frå Florø.

Dei vart tekne med direkte til politistasjonen, og måtte vente der til flyet gjekk.

Fkadu og leiar i støttegruppa for Simon, Kåre Leif Hollevik, reagerer på at uttransporten kjem før dei nye opplysningane som har kome fram er vurdert.

Som Firdaposten skreiv tysdag har Hollevik skaffa til veie dokumentasjon på at Fkadu og Simon har teke kontakt med italienske myndigheiter, utan å få noko hjelp.

Ein reportasje om dei to frå italiensk TV skal stadfeste dette.

Fidaposten følgjer saka.

Meir om Simon-saka:

VIDEO: Aksjon for barn på flukt

BILDE: Markering for Simon

BILDE: Faklar for Simon

BILDE: Aksjon for Simon

BILDE: Simons siste time i Florø

Artikkeltags