Simon (9): - Takk for meg

- TAKK FOR MEG: Med klassebildet i handa, tok Simon Fkadu avskil med alle tredjeklasse-venene på Torvmyrane onsdag. Kort tid etter sat han på flyet.

- TAKK FOR MEG: Med klassebildet i handa, tok Simon Fkadu avskil med alle tredjeklasse-venene på Torvmyrane onsdag. Kort tid etter sat han på flyet. Foto:

Artikkelen er over 9 år gammel

Det var tårer og fortviling i 3. klasse på Torvmyrane skule då Simon (9) frå Eritrea tok farvel med klassekameratane.

DEL

Simon (9) fekk ikkje gå på skulen onsdag. I staden blei han og pappa Fkadu henta av politiet og sende ut av landet til ei høgst uviss skjebne.

(Kva synest du om dette? Sei meininga di i kommentarfeltet nederst i saka!)

Saman med faren sin Fkadu (29) flykta Simon gjennom Sudan og Libya. Frå Nord-Afrika kom dei seg over Middelhavet til Italia med båt. Då var Simon 7 år. Ei risikabel reise som har kosta mange flyktningar livet. I eit år budde dei under bruene på ein søppelplass i Roma før dei gjennom eritreiske venner samla saman nok pengar til å flykte vidare til Norge og Florø.

Fann seg til rette

I Florø fann Simon seg raskt til rette. Han begynte på skule, fekk venner og lærte seg flytande norsk. Det er halvtanna år sidan 9-åringen kom hit og no snakkar han norsk med Florø-dialekt.

Onsdag skulle han etter rett på skulen, men på grunn av avslaga pappa Fkadu fekk på søknaden sin om opphald i Norge, kom politiet for å hente dei. Klokka 10.10 skulle dei reise med flyet til Oslo.

Simon spurde politiet om han kunne få sagt adjø til klassen sin før han måtte reise. Det fekk han.

Emosjonelt

Sjølv om 9-åringar flest har vanskar med å ta inn over seg ein slik grunnleggande endring i kvardagen, verka Simon å vite at han no verkeleg måtte ta farvel med vennene på skulen. Han var klar over han måtte seie farvel til dei beste kameratane og det livet han har bygt opp saman med faren i Florø. Rak i ryggen gjekk Simon inn til klassen sin. Sjølv om han prøvde å skjule kjenslene sine, rann tårene jamt.

– Eg ville berre seie hadet til dåkke, seier han hulkande i det han kom inn i klasserommet.

Klassen skjøna ikkje kva som skjedde.

Humant politi

Linda Åmelfot frå politiet tok seg tid til å forklare klassen kva som skulle skje med Simon og kvifor han ikkje fekk vere i Norge lenger. Politiet viste stor forståing for den vanskelege situasjonen og dette var noko pappa Fkadu var takksam for.

No forsto klassen kva som skulle skje med kameraten. Det vart ei svært kjenslesterk oppleving. Vener gav han bilder, klassefoto, pokemon-korta sine, og han fekk klassebamsen med seg. Avskjeden vart likevel kort då han skulle vere med 10-flyet til Oslo.

På flyplassen hadde politiet ordna med alt. Vener tok farvel medan Simon knuga seg til bamsen han hadde fått av klassevenene sine.

– Fekk ikkje sagt farvel

– Eg fekk ikkje sagt farvel til Ask, seier han i det han skulle bli slusa gjennom tryggleikskontrollen.

Ask er bestekameraten og naboen i Havreneset. Han går på Flora barneskole og difor fekk han ikkje treft han då han møtte klassen sin. Far til Ask, og nabo til Fkadu og Simon, Kåre Leif Hollevik, kunne fortelle at dei ville skjerme Ask for den tøffe opplevinga. Foreldra frykta vanskane Ask ville få ved å seie farvel til kameraten han leikar med kvar dag.

– Vi skal ringe å halde kontakten, seier Kåre Leif Hollevik til 9-åringen som trøyst.

No ventar eit nytt og langt mindre lystig tilvere for Simon. Om ikkje det offentlege Italia tek meir ansvar enn kva dei gjorde då den vesle familien kom til landet for to år sidan, kan livet fort bli utan skulegang, utan tak over hovudet og med ein søppelplass som ny bustad.

Artikkeltags