Simon (10) lever under kritikkverdige tilhøve

Simon (10)

Simon (10) Foto:

Artikkelen er over 7 år gammel

Ifølge Kåre Leif Hollevik bur no Simon (10) og faren i ein forlaten bygning i Roma, saman med 800 andre flyktningar.

DEL

Simon og faren vart kasta ut av Karibu-leiren utanfor Roma i desember, og har sidan det vore overlatne til seg sjølve. Difor oppheld dei seg no på nattetid i ein forlaten bustad i Roma, skriv Hollevik i ei pressemelding. Bygningen er delvis utan vatn og elektrisitet. Her held dei seg på nattetid.

– Det er knytt med stor fare å vere i bygningen. Gjengar bankar opp flyktningar som kjem frå og til. Nokre av dei som kjem bur der kort tid, andre over år. Flyktningane organiserer ikkje sjølve kven som får bu her og kva plikter dei har. Og om dei vert sjuke, tør dei ikkje oppsøkje sjukehus, seier Hollevik og understrekar:

– Dei er papirlause, verdilause og lette offer for organdonasjonar, seier han.

Artikkeltags