Så er to og eit halvt tonn med fersk sild forsert for i år.
Solskin
Stemninga under årets Sildebord i Strandgata var upåklageleg. Trass i at det såg grått ut tidlegare på dagen skein sola på verdas lengste silebuffét fredag.
Noko lokalstjerne Kurt-Arve Washburn gjorde eit poeng av frå scena, med låtar som "Happy Sunny Days" og hit'en "Then Rainy Days Are Not So Bad". Publikum sang med og gav Washburn varm applaus etter kvar av låtane. Etter han spela Blue Horn Jazzband for den tettpakka og is-etande sildestimen i sentrum.
Salsa-feber
Men kanskje var det då Hovedøen Sosial Club stod på scena at ein verkeleg kunne merke at Sildebordet er eit familievenleg arrangement, som trekk til seg og engasjerar folk frå alle generasjonar. Bandet, som spelar norske låtar i reinspikka salsa-stil, fekk både unge og gamle til å svinge seg til klassikarar frå alt frå DumDum Boys til Margrethe Munthe.
Og då dei spela på Haavebua seinare på kvelden tok det ikkje meir enn nokre sekund før dansegolvet var tettpakka av salsa-dansande festivaldeltakarar. Mellom anna hadde fem instruktørar frå Førde salsaklubb hadde tatt turen til Florø for å danse, og kanskje var det dette som fekk folk til å slå seg meir laus på dansegolvet.
Uansett såg det ut til at årets Sildebord avslørte behovet for ein salsaklubb også i Florø.
Etter Hovedøen Sosial Club spela det eksperimentelle folkemusikk-bandet Valkyrien Allstars. Med sin spesielle felemusikk og engasjerande tonar slo også dei an, og sørga dei for at stemningen holdt seg til godt ut i sildefest-natta.