Sikrar seg mot stormen

Stormen Berit herjar norskekysten og for å sikre seg mot øydeleggingar byrja senterleiar på AMFI, Jan Tore Solberg å heise på land gjestebryggjene fredag ettermiddag.

Stormen Berit herjar norskekysten og for å sikre seg mot øydeleggingar byrja senterleiar på AMFI, Jan Tore Solberg å heise på land gjestebryggjene fredag ettermiddag. Foto:

Artikkelen er over 8 år gammel

Senterleiaren ved Amfi er føre var og sikrar seg mot skader på gjestebryggjene i ved å ta dei på land.

DEL

Fredag ettermiddag var sentarleiar Jan Tore Solberg i full gang med å sikre gjestebyggjene ved Amfi. Ved hjelp av ei løftekran på ein trailer frå Per Bortheim transport fekk heisar han bryggjene på land.
- Vi tar opp alle tre på grunn av været og kjem til å ha dei på land til været betra seg. I verstefall vert dei ståande på land til våren, seier Solberg. Han kjem til å vurdere behovet for gjestebryggjene vinterstid og ser for seg at kanskje ei vert lagt ut igjen når været betrar seg. - Vi vil jo gjerne ha dei i bruk til våren så det vil jo vere synd om dei blir øydelagd no, difor er vi litt føre var seier Soberg.

Også parkeringsskilta på parkeringsplassen til Amfi vart fjerna for å hindre at dei skulle kvelve over bilar.

Artikkeltags