SFE har tent 8 millionar mindre i første halvår enn på same tid i fjor

MINDRE ENN I FJOR: Sogn og Fjordane Energi oppnådde eit konsernresultat etter skatt på 92 millionar kroner i første halvår 2018. Dette er 8 millionar kroner lågare enn same halvår i fjor.

MINDRE ENN I FJOR: Sogn og Fjordane Energi oppnådde eit konsernresultat etter skatt på 92 millionar kroner i første halvår 2018. Dette er 8 millionar kroner lågare enn same halvår i fjor. Foto:

ENERGI: Konsernsjef Johannes Rauboti er likevel nøgd.

DEL

– Den underliggande drifta har vore god. Riktig nok har produksjonsmengda vore noko lågare enn i fjor grunna lite nedbør, men fleire av magasina våre har fått mykje vatn frå breane. Samstundes har høgare kraftprisar på store delar av produksjonen bidrege til eit godt halvårsresultat, seier Rauboti i ei pressemelding.

Etter første halvår i fjor kunne SFE offentleggjere tidenes beste halvårsresultat. Årets seks første månadar i 2018 ligg 8 millionar kroner under.

Årsaka skuldast i hovudsak bokføring av urealiserte tap på kraftproduksjon som er prissikra på straumbørsen.

– Vi tek uansett med oss at halvårsresultatet er det 2. beste i konsernet si historie, og så blir det spennande å følgje prisutviklinga vidare. Kraftmarknaden trur på prisar i andre halvår som er om lag på det nivået dei er på no, kanskje litt lågare. I så fall forventar vi eit resultat som er på nivå med 2017, då årsresultatet enda på 193 millionar kroner, seier Rauboti.

Rettssak om SFE-verdiane: Slik vil fylket unngå at BKK kan bruke forkjøpsretten

Styrkt framtidstru gir Sunnfjord Energi kjemperesultat 

Mill. kr

1. halvår 2018

1. halvår 2017

Omsetning

751

651

Driftsresultat

218

214

Resultat før skatt

196

189

Resultat etter skatt

92

100

Artikkeltags