100 unge studentar og elevar skal vere i Fjærland eit heilt døgn for å vere med i "Forskernatt" for å jobbe med klimaendringar og diskutere med lokale politikarar om korleis framtida skal møtast.

-Ungdommane har variert bakgrunn: 50 stk frå United World College i Fjaler med internasjonal bakgrunn, 30 vg. elevar frå Florø og 20 frå den økologiske jord- hagebruksskolen i Aurland. Dette er ein del av Researchs night og inneheld bidrag der breforskarar, samfunnsforskarar og økonomar er involvert, fortel Jo Høyer.

Det blir ekskursjon til bre, klimautstilling, prosjektarbeid og samvær og fest under Jostedalsbreen.