Ser på fjordkryssing til 2,4 mrd

Bru med gangveg.

Bru med gangveg. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Kystvegen Måløy-Florø har fått på bordet tre skisser til fjordkryssing med bru. Prislappen på alle er kring 2,4 mrd. kroner.

DEL

Styret i Kystvegen Måløy-Florø har fått overlevert skisseprosjektet på bru i ytre Nordfjord frå det rådgjevande ingeniørfirmaet Aas-Jakobsen. Ytre Nordfjord kan kryssast med bru mellom Tongane på Rugsundøy i Bremanger kommune til Biskjelneset i Vågsøy kommune i nord.

Styreleiar i Kystvegen Ålesund-Bergen og ordfører i Flora kommune, Bengt Solheim-Olsen, seier dette om prosjektet:

«Å få bygd bru over ytre Nordfjord vil utan tvil vere det viktigaste bruprosjektet nokon gong i Sogn og Fjordane. På denne måten vil ein ikkje berre knyte dei to næringslivsbyane Måløy og Florø, men også kommunane Bremanger, Vågsøy og Selje samt resten av Sunnfjord-kommunane saman til eit felles bu- og arbeidsområde! Dette vil ha ein forløysande effekt på utviklinga av Sogn og Fjordane, og gje grunnlag for å skape etterlengta vekst.

Ingeniørfirmaet Aas-Jakobsen foreslår tre alternative broløsninger:

1. Hengebru med en spennvidde på 860m

2. Hengebru med en spennvidde på 980m

3. Skråkabelbru med spennvidde på 860m

Aas-Jakobsen meiner det er gode fundamenteringsforhold i sjø og på land, ingen utfordringar når det gjeld bebyggelse ved landfesta, gode montasjeforhold i beskytta farvatn i sjø og kort tilknytning til hovedveg på begge sider av brua.

Styret i Kystvegen Måløy-Florø jobbar no vidare med en finansieringsplan for heile kystvegen Måløy-Florø (tunnel Svelgen-Indrehus og bru i ytre Nordfjord) der ein ser nærare på brukarfinansiering, ferjeavløysingsmidlar og momsrefusjon.

Ferjeavløysingsmidlane for Måløy-Oldeide er på 17 millionar årleg og for Stårheim-Isane 10,5 millionar kroner. Det er uvisst om ein kan rekne 30 eller 40 års perspektiv på desse midlane i prosjekteringa vidare.

Artikkeltags