Gå til sidens hovedinnhold

Ser på anna finansiering

Artikkelen er over 18 år gammel

SVELGEN: – Vi må tenkje nytt for å få gjennomført viktige vegprosjekt, seier dagleg leiar i Kystvegutvikling, Ragnar Hagen. Tysdag la han fram alternative løysingar til finansiering av byggjesteg to på Fastlandssambandet til Bremanger.

Ragnar Hagen var invitert til møtet i plan- og utviklingsutvalet for å orientere om framdrifta i arbeidet med å få realisert byggesteg to, Kolset-Sørdalen, snarast mogeleg. Utrekningane viser at det samfunnsøkonomisk er svært gunstig å vidareføre prosjektet, faktisk er netto nyttekostnad på dette prosjektet den høgste av alle vegprosjekt elles i fylket vårt.

250 millionar

Byggjesteg to, Kolset-Sørdalen, med ein 4,5 km lang tunnel Bortne-Sørdalen, er kostnadsrekna til 250 millionar kroner. Dette alternativet er 7,5 km kortare enn det alternativet som i utgangspunktet var vurdert, med 4 km veg gjennom Bortnedalen og ein 2,1 km lang tunnel under Karlskaret.

– Vi veit at riksvegløyvingane er små. Sogn og Fjordane får 100 millionar i året, og halvparten av desse er oppbundne. Skal vi vente på at staten finn plass til prosjektet i Nasjonal Transportplan, må vi nok vente lenge. Eg trur at skal vi få gjennomført dette byggesteget, må vi tenkje nytt, og frå Kystvegutvikling si side er det no eit ønske å få ein diskusjon på alternative finansieringsmåtar, seier Ragnar Hagen.

Fleire alternativ

På eit møte med den nye regionvegsjefen tidlegare i haust vart også Kystvegutvikling oppmoda om å vurdere andre løysingar til finansiering av prosjektet, og til møtet med Bremanger-politikarane hadde Ragnar Hagen med seg utrekningar som viste kor mykje riksvegløyvingane på byggjesteg to kan reduserast ved eksempelvis forskottering frå Bremanger kommune, førehandsinnkrevjing gjennom auka billett-takstar på ferjene Stårheim-Isane, Måløy-Oldeide og Smørhamn-Kjelkenes over ein to-tre års periode, innkrevjing av bompengar og ferjeavløysingstilskot. Berre ved å nytte seg av det siste alternativet, er riksvegløyvingane reduserte til 112 millionar.

– Ved å vise til slike tal, burde vi ha ein stor sjanse til å lukkast, meiner Hagen.

Samarbeid

No er det opp til Bremanger kommune å avklare kva måtar dette kan løysast på.

– Vi ønskjer eit nært samarbeid med Statens vegvesen, men det er avgjerande med ein god gjennomgang i kommunen, slik at vi står samla i det vidare arbeidet. Eit knapt fleirtal i kommunestyret er for dårleg til å få støtte vidare i systemet, hevda Ragnar Hagen.