Sender kystvegen til Statsministeren

Her Kåre Olav Svarstad under ein presentasjon av Kystvegen og Bremangersambandet, då transportkomiteen på Stortinget besøkte Florø i vinter

Her Kåre Olav Svarstad under ein presentasjon av Kystvegen og Bremangersambandet, då transportkomiteen på Stortinget besøkte Florø i vinter Foto:

Artikkelen er over 10 år gammel

Ordførarane i Flora, Bremanger og Vågsøy vil ha kystvegen inn i regjeringa sin "krisepakke", og har sendt brev til statsministeren.

DEL

Bente Frøyen Steindal, Kåre Olav Svarstad og Roger B. Silden står bak og har signert eit brev som no er sendt til Statsminister Jens Stoltenberg, samferdsleminister Liv Signe Navarsete, finansminister Kristin Halvorsen og leiar i finanskomiteen Reidar Sandal.

I brevet ber dei om framskynding av vegprosjekt på kysten i Sogn og Fjordane, og argumenterer med at desse vil skape vekst og nye arbeidsplassar i fylket.

Dei peikar på verdiskapingspotensialet Flora-Bremanger-Vågsøy, og eksempel som Solar-satsing i Svelgen, sterke kystnæringar som fiskeri og maritim sektor, og nye vekstnæringar som energi, reiseliv og avansert maritim teknologi.

Tre prosjekt

Dei har prioritert tre prosjekt i brevet.

- Vi vil be Regjeringa forsere følgjande vegprosjekt i den varsla "krisepakken" på nyåret 2009:

- 1. Byggestart på Bremangersambandet del 2 så tidleg som mogleg i 2009.

2. Samla ferdigprosjektering av gjenståande parsellar og flaskehalsar langs kystvegen Florø-Måløy (Rv 614/ Bremangersambandet del 3) i løpet av 2009/2010.

3. Rv 61 Bryggja - Møre grense, ferdigstilling i løpet av 2009.

- Alle desse prosjekta er også ein del av ein samanhengane kystveg Bergen - Ålesund, som alle kommunane på strekninga står samla om, argumenterer dei med i brevet.

Kyst som satsingsområde

- Vi som skriv under denne fråsegna er alle Arbeidarparti-ordførarar på kysten av Sogn og Fjordane. Vi er glade for at Stoltenberg-regjeringa har peika ut kysten som eit satsingsområde, og for at det er varsla tiltak for å dempe krisa vi no er inne i og legge grunnlag for ny vekst, skriv dei.

- Vi håpar difor våre innspel blir tatt på alvor, og at Regjeringa legg inn dei prosjekta vi føreslår i sine planar for ekstraordinære tiltak i 2009, avsluttar dei.

Dei har også sendt kopi av fråsegna til stortingsbenken, samferdslekomiteen og dei parlamentariske leiarane på Stortinget.

Artikkeltags