Fylkesmannen har bestemt seg

Desse vil ho slå saman

(Foto: )

DEL

Siste sjanse: Alt digitalt innhald for kr 29 til over påske

Fylkesmannen tilrår å slå saman desse kommunane frå 2020:

  • Førde, Naustdal, Gaular og Jølster (gjensidig vedtak i kommunane)
  • Hornindal med Volda i Møre og Romsdal (gjensidig vedtak i kommunane)
  • Sogndal, Leikanger og Balestrand (ikkje gjensidig vedtak i kommunane)
  • Eid og Selje (alternativt Selje og Vågsøy)

Før dagens tilråding var det knytt spenning til om Fylkesmannen ville tvinge Vågsøy med i ei samanslåing med Eid og Selje, men i tilrådinga står det at Fylkesmannen ikkje finn tilstrekkeleg grunnlag for å tvinge Vågsøy med. Det melder Firda.

Samtidig skriv Fylkesmannen at dersom samanslåing av Eid og Selje ikkje blir noko av, så vil tilrådinga vere at Vågsøy og Selje finn saman.

Kan klare seg på kort sikt

Vågsøy kan klare seg sjølv åleine ei stund, meiner Fylkesmannen, men viser til at ein kommune med 6000 innbyggarar vil få utfordringar på sikt. Sjølv om Fylkesmannen meiner dei tre ville stått sterkare saman, vel ho å la Vågsøy få moglegheit til å følge si eiga prioritering om å få til ein kystkommune på sikt.

I september 2016 rådde Fylkesmannen til at Selje og Vågsøy skulle slå seg saman. Fylkesmannen står fast på den faglege vurderinga, men meiner at intensjonsavtalen mellom Selje og Eid også når målsettingane i kommunereforma. Vidare står det at det først og fremst var omsynet til Selje som førte til den førre tilrådinga. Når Selje og Eid no har ein intensjonsavtale, vil Fylkesmannen legge størst vekt på eit eventuelt frivillig vedtak.

Intensjonsavtalen mellom Eid og Selje skal opp til handsaming i felles formannskapsmøte 19. januar og i kommunestyra 26. januar. Dersom samanslåing av Eid og Selje ikkje blir noko av, så vil tilrådinga frå Fylkesmanne framleis vere at Vågsøy og Selje finn saman.

Eid og Selje har ikkje felles grenser, men kan få det dersom bygda Bryggja ber om grensejustering slik det har vore diskutert.

Artikkeltags