Seier opp etter sju månader

Artikkelen er over 15 år gammel

Bremangerlegen Tom Elzer (40) har sagt opp stillinga si etter berre seks må nader.

DEL
Han har fått nok av ordninga med legevakt i helgane. Ansvaret og belastninga med mykje og lang køyring mellom tre legevaktkontor blir for stor, seier han til Fjordenes Tidende. Saman med familien sin, kone og tre barn, kom Tom Elzer til Bremanger i fjor sommar. Han har hatt bustadadresse Svelgen, men har jobba ved legekontora både i Svelgen og på Hauge. Elzer har stilt seg til disposisjon som vikar utan legevakt til kommunen har fått tilsett ny lege i stillinga.

Artikkeltags