Seier nei til meir naturinngrep

Slik er flyten av vatn tenkt utført.

Slik er flyten av vatn tenkt utført. Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

Fylkesmannen ønskjer å verne Bredevatna nær Ålfotbreen mot store inngrep og sterk regulering av vatna.

DEL

Fylkesmannen rår sterkt i frå søknaden om regulering av Bredvatna på grunn av konfliktar med landskap, friluftsliv og naturmiljø.

Bakgrunnen for Fylkesmannen si fråråding er at Bredvatn kraftverk vil medføre store inngrep i eit verdfullt og inntrykksfullt natur­område. Kraftverket er planlagt med uvanleg høg slukevne, utan krav til minstevass­føring, og utan restriksjonar på manøvreringsreglementet. Konsesjonssøknaden er etter vår vurdering ikkje i tråd med vanleg miljøtilpassing for vasskraftutbygging i dag. Utbygginga vil råke nasjonale landskaps- og friluftsinteresser.

Fylkesmannen meiner at det bør utgreiast andre alternativ for å oppgradere Åskåra kraftverk utan å ta i bruk Bredvatna som magasin. Dette bør vurderast i samanheng med revisjon av eksisterande konsesjon, noko som er planlagt innan 2022.

Fylkesmannen har vurdert om kraftprosjektet vil få konsekvensar for kjende allmenne interesser som naturmiljø, landskap og friluftsliv.

- Vi legg spesielt vekt på nye nasjonale politiske føringar om naturmangfald og økologiske tilhøve i vassdraget, melder Fylkesmannen sine fagfolk.

Prosjekta skal avgjerast av Olje- og energidepartementet etter utgreiing og innstilling frå Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE).

Artikkeltags