Sandal skal styre skuta

SOLID ERFARING: Reidar Sandal blir ny styreleiar i Fjord 1. Den tidlegare statsråden  har dei siste åra stått sentralt i å drive Sunnfjord Næringsråd med base ut frå Florø.

SOLID ERFARING: Reidar Sandal blir ny styreleiar i Fjord 1. Den tidlegare statsråden har dei siste åra stått sentralt i å drive Sunnfjord Næringsråd med base ut frå Florø. Foto:

Artikkelen er over 7 år gammel

Reidar Sandal blir ny styreleiar for Fjord 1.

DEL

Reidar Sandal blir ny styreleiar i Fjord 1. Det blei klart då fylkesutvalet var samla måndag og peikte ut nye styremedlemmer til reiarlaget som Sogn og Fjordane fylkeskommune er hovudaksjonær i.

I tillegg til å peike ut ny styreleiar, blei også tidlegare fylkesordførar Nils R. Sandal, fylkesleiar i SV Heidi Katrin Osland og Monika Salthella nominerte som nye styremedlemmer. Med unnatak av Monika Salthella har dermed alle bakgrunn frå politikken, og i går kritiserte Høgre sine politiske motstandarar for kun å peike ut raudgrøne politikarar til desse viktige verva.

Sandal tek over som styreleiar etter Jarle Skartun, og det er eit selskap i god bør han no skal stake ut kursen for vidare. I april la reiarlaget fram resultatet for 2011, som viste eit overskot før skatt på 98,5 millionar kroner, av ei omsetning på 2,98 milliardar. Då uttalte konsernsjef Leif Øverland at han likevel ikkje var heilt nøgd med resultatet, men at han forventa betra langsiktig lønsemd i takt med at reiarlaget stadig investerer i innovative og meir miljøvenlege transportløysingar.

Sandal blir også øvste sjef for å vidareføre dei pågåande omstillingane som selskapet står midt oppi. Stikkord for denne er reindyrking av kjerneaktiviteten på sjøsida.

Artikkeltags