Styret i Kystvegen Måløy–Florø AS har engasjert Reidar Sandal i Sunnfjord Næringsråd som konsulent. Han skal arbeide med strategiske oppgåver og dessutan ha nettverksbygging og kommunikasjon som viktige arbeidsfelt. Elles vil han utføre oppgåver fastsette av styret.
I styret sit styreleiar Karl Vidar Førde, og styremedlemmene er Morten Hagen, Bengt Solheim Olsen, Jorunn Frøyen og Janne Midtbø. Dei nye ordførarane i Bremanger, Vågsøy og Flora gjekk inn i styret hausten 2011.
Kystvegen Måløy–Florø AS blei oppretta i fjor vår og skal arbeide for å få realisert kystvegen frå Måløy via Svelgen til Florø.
– Vi er veldig glade for å ha fått Sandal med på prosjektet. Han har kontaktane og kjenner systemet. Han er ein erfaren kar og kjenner prosjektet godt frå før. Sandal kjem til å sette opp ein strategiplan, på korleis ein skal handtere prosjektet best muleg framover, seier styreleiar Karl Vidar Førde.
Førde presiserer at styret kjem til å halde trøkket i prosjektet oppe, og at det er viktig å bruke tida godt. 996 millionar kroner vil den nye kystvegen komme til å koste. Halvdelen skal vere brukarfinansiert.