Samlar inn pengar Keilevågbrua

venninnene Ingrid Blancheflor Dorfman Dyrli (10) og Hanna Fransiska Høidal (10) står på amfisenteret og sel julekaker til inntekt for Keilevågbrua.

venninnene Ingrid Blancheflor Dorfman Dyrli (10) og Hanna Fransiska Høidal (10) står på amfisenteret og sel julekaker til inntekt for Keilevågbrua. Foto:

Artikkelen er over 7 år gammel

Hanna (10) og Ingrid (10) har sett seg lei på at dei vaksne ikkje får fortgang i reparasjonen av Keilevågbrua. No tek dei saka i eigne hender.

DEL

Fredag ettermiddag stod venninnene Hanna Fransiska Høidal (10) og Ingrid Blancheflor Dorfman Dyrli (10) på amfisenteret og selde julekaker. Men ikkje til ein eller annan frivillig organisasjon.

- Nei, vi ville støtte noko anna enn det vanlege. Så ein dag då mamma hadde besøk av venninner, overhøyrde vi at at dei sa at Keilevågbrua nok ikkje vart opna att før dei vart gamle. Og det går jo ikkje. Så då bestemte vi oss for å samle inn pengar til Keilevågbrua sjølv. Det går jo ikkje an at det tar så lang tid, seier Hanna bestemt.

Dei to jentene har laga peparkakemenn, kaker og marengstoppar heilt sjølv. Deigen inkludert. Og responsen frå dei forbipasserande på Amfisenteret fredag var udelt positiv.

- Mange som kjem bryr seg ikkje med å få tilbake vekslepengane, og mange betaler hundre kroner berre for ein peparkakemann. Andre gjev pengar utan å kjøpe noko, seier Ingrid og smiler frå øyre til øyre.

Dei to jentene gjer alt dei kan for å få tak i pengar. Og dei to vil ikkje gje seg i kampen for Keilevågbrua med det første.

- Eg skal til og med gjere noko så sjeldant som å rydde rommet mitt for å få pengar til saka. Og vi kjem til å styre på med innsamlinga til vi blir vaksne om vi må. Vi gjer oss ikkje, seier Ingrid.

Artikkeltags