Flora kommune vann «Årets lokale klimatiltak» med denne framtidsbåten

Anders Espeseth og Jan Henrik Nygård

Anders Espeseth og Jan Henrik Nygård Foto:

Av

FLORØ: Med heilt utsleppsfri hurtigbåt på hydrogendrift, er Flora kommune best i miljøklassen i 2018, meiner Zero-konferansen.

DEL

Flora kommunes utviklingsprosjekt for utsleppsfri hurtigbåt er kåra til Årets lokale klimatiltak. Prisen blei delt ut på Zerokonferansen onsdag kveld. Andreplassen gjekk til Båtsfjord kommune for fornybar kraft til fiskeflåten, og Trøndelag fylkeskommune fekk tredjeplassen for prosjektet framtidas hurtigbåt.

Årets vinnar er Flora kommune som initierte prosjektet som no har resultert i utvikling og design av ein 30 meter lang hydrogendrevet passasjerbåt. 
 

Stor verdi for andre

- Årets vinnar er eit pilotprosjekt i ordets rette forstand med utvikling av heilt nye løysingar med stor overføringsverdi til andre norske og internasjonale aktørar. Prosjektet er også eit godt døme på samarbeid mellom kommunesektoren, lokalt næringsliv og andre aktørar, seier jurymedlem Odd Einar Dørum i ei pressemelding.

Andreplassen gjekk til Båtsfjord for landstraum til fiskeflåten. Som det største anlegget for landstraum for fiskeflåten, som i tillegg blir forsynt 100 prosent med straum frå eit lokalt vindkraftverk, vekte dette prosjektet begeistring i juryen. 
 

- Prosjektet viser korleis ein kommune kan påverke utslepp frå ein av Norges viktigste næringar. At kommunen legg opp til landstraum også for andre fartøy, inkludert Kystruta, forsterkar prosjektet ytterlegare, seier Marius Holm, leder i ZERO.

Alle vinnarprosjekta er maritime

Tredjeplassen gikk til Trøndelag for framtidens hurtigbåt.Det er ingen tilfeldigheit at det er maritime prosjekt på alle pallplassane i år. Dette ein av bransjane i Norge som er komne lengst i det grøne skiftet og der modige politiske val i fylkeskommunar og kommunar har drive utviklinga framover. Dette har juryen ønska å løfte fram med årets tildelingar.

Det er åttende gang prisen blir delt ut. Juryen for årets tildeling har bestått Kristin Halvorsen, direktør i CICERO, Gunn Marit Helgesen, styreleiar i KS, Kristine Falkgård, administrerande direktør i Kommunalbanken, Odd Einar Dørum, tidlegare statsråd, og Marius Holm, dagleg leiar i ZERO.

Artikkeltags