Samferdslepolitikarar til Florø

Foto:

Av
Artikkelen er over 10 år gammel

Stortingspolitikarane Karita Bekkemellem (Ap), Per Sandberg (FrP) og Hallgeir Langeland (SV) kjem alle til Florø torsdag, og kystveg og Bremangersamband står i fokus.

DEL

Stortingets transport- og kommunikasjonskomité skal på synfaring i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane 27.-31. oktober.

29. - 31. oktober har komiteen fullt program i Sogn og Fjordane, med føredrag, diskusjonar og presentasjonar frå lokale politikarar og aktørar.

Komiteen kjem til Florø torsdag ettermiddag, og eitt av hovudtema då er kystvegen og Bremangersambandet.


Kystveg i Florø


I Florø skal komiteen delta på møte i bystyresalen på Flora samfunnshus. Ordførar Bente Frøyen Steindal skal snakke om kystvegen og samarbeidet mellom kystkommunane i denne saka.

Så skal Bremanger-ordførar Kåre Olav Svarstad snakke om Bremangersambandet, som ein viktig del av samanbindingsvegen mellom kystbyane.

Avinor skal orientere om flyplassane i Sogn og Fjordane, og Kystverket om ny innsegling til Gunhildvågen i Florø, ny losstasjon i Florø og tømming av «Welheim».

Eivind Hjellum og Hallgeir Helland skal snakke om utfordringar ved Flora hamn, før komiteen får sjansen til å stille spørsmål til dei ulike presentasjonane.

Til Askvoll


Om kvelden er det middag på Haavebua, og morgonen etter går turen med ekspressbåten til Askvoll. Der skal det handle om Dalsfjordbrua og ferje. Fjord1 Fylkesbaatane skal snakke om konkurranseutsetting, og Fjaler-ordførar Arve Helle om Dalsfjordbrua.

Før komiteen kjem til Florø, har dei lagt bak seg eit intensivt program. Dagtid torsdag er det møte pål Alexandra Hotel i Loen med mange ulike aktørar, der mellom andre Flora-politikar og leiar i Nasjonal rassikringsgruppe Åshild Kjelsnes skal snakke om rassikring.

Profilerte politikarar


Stortingets transport- og kommunikasjonskomité består av 12 stortingspolitikarar. Per Sandberg frå FrP er leiar i komiteen, med Borghild Tenden (V) som nestleiar og Torstein Rudihagen (Ap) som andre nestleiar. Medlemmer av komiteen er Karita Bekkemellem (Ap), Hallgeir Langeland (SV), Eirin Faldet (Ap), Øyvind Halleraker (H), Trond Helleland (H), Bård Hoksrud (FrP), Irene Johansen (Ap), Jan Sahl (KrF), Arne Sortevik (FrP), Tor-Arne Strøm (Ap), Truls Wickholm (Ap) og Eli Sollied Øveraas (Sp).

Program for besøket
Onsdag 29. okt.: Møte i Vanylven, om Stad skipstunnel,
Torsdag 30. okt., dagtid: Møte på Alexandra Hotel, synfaring Tine Meierier på Byrkjelo. Tema: Utfordringar for fylket, kommunikasjonar, samferdsle, rassikring, næringsliv
Torsdag 30. okt., ettermiddag/kveld: Møte i Florø med politikarar m.fl. Tema: Kystvegen, Bremangersambandet, Flora hamn m.m.
Fredag 31. okt.: Askvoll Fjordhotell. Tema. Dalsfjordbrua, ferjesektoren.

Artikkeltags