Stortingets
29. - 31. oktober har komiteen fullt program i Sogn og Fjordane, med føredrag, diskusjonar og presentasjonar frå lokale politikarar og aktørar.
Komiteen kjem til Florø torsdag ettermiddag, og eit av hovudtema då er kystvegen og Bremangersambandet.
Kystveg i Florø
I Florø skal komiteen delta på møte i bystyresalen på Flora samfunnshus . Ordførar Bente Frøyen Steindal skal snakke om kystvegen og samarbeidet mellom kystkommunane i denne saka.
Så skal Bremanger-ordførar Kåre Olav Svarstad snakke om
Avinor skal orientere om flyplassane i Sogn og Fjordane, og Kystverket om ny innsegling til Gunhildvågen i Florø, ny losstasjon i Florø og tømming av Welheim.
Eivind Hjellum og Hallgeir Helland skal snakke om utfordringar ved
Til Askvoll
Om kvelden er det middag på Haavebua, og morgonen etter går turen med ekspressbåten til Askvoll. Der skal det handle om Dalsfjordbrua og ferje. Fjord1 Fylkesbaatane skal snakke om konkurranseutsetting, og Fjaler-ordførar Arve Helle om Dalsfjordbrua.
Tett program
Før komiteen kjem til Florø, har dei lagt bak seg eit intensivt program. Onsdag 29. skal komiteen diskutere Stad Skipstunnel i Vanylven.
Dagtid torsdag er det møte pål Alexandra hotell i Loen med mange ulike aktørar. Her skal fylkesordførar Nils R. Sandal fortelle om utfordringar for fylket , Fylkesmann Oddvar Flæte om kommunikasjonar, og ordførar i Stryn, Nils P. Støyva og ordførar i Eid og leiar i Nordfjord regionråd Sonja Edvardsen om utfordringar i samferdslesektoren i Nordfjord.
Flora-politikar og leiar i
Tett program
Etter lunsj torsdag går turen vidare til Tine Meierier på Byrkjelo, og deretter er det møte med Gaular- og Gloppen-ordførarne Jenny Følling og Anders Ryssdal.
Så går turen vidare med buss til Florø. På bussen skal Jølster-ordførar Gerd Dvergsdal og Førde-ordførar Nils Gjerland orientere.
Profilerte politikarar
Komiteen sine arbeidsområde er innanlands transport, post, telekommunikasjonar, elektronisk kommunikasjon og oppgåver under Kystverket.