Offshorebåtane ligg ved Fjord Base og ventar på vinden, ferjesamband er innstilt, men øybåtane går som normalt

VENTAR: Supplybåten «Havila Charisma» ligg utanfor Botnastranda og ventar på at vinden skal løye. T.v.: forskingsskipet Fugro Meridian

VENTAR: Supplybåten «Havila Charisma» ligg utanfor Botnastranda og ventar på at vinden skal løye. T.v.: forskingsskipet Fugro Meridian Foto:

FLORØ: Ingen båtar går frå oljebasen og ut i havet til vinden løyar.

DEL

Like før klokka 12.00 ligg åtte båtar inne til kai på Fjord Base, inkludert PGS sin «Ramform Victory». Fire av desse skulle gått vidare i dag, men har måtte ligge litt lenger til kais i påvente av at vinden skal løye. I tillegg ligg supplybåten Havila Charisma uti fjorden og ventar på vinden. Den skulle gått i går.

Etter planen vil desse kunne gå attende i vanleg drift att i løpet av kvelden.

Slik ser trafikken ut klokka 15.10:

  • Rugsundbrua er framleis stengd: Vegtrafikksentralen har målt middelvind på 25 m/s og vindkast på 34,5 m/s.
  • Når det gjeld Nordfjordbåten opplyser Norled at det blir normal avgang frå Bergen til Nordfjord klokka 16.30, men at vêrtilhøva blir vurdert fortløpande. Dei vil også vurdere undervegs om Florø blir endestopp i kveld eller ikkje. Klokka 16.00 melder Fjordenes Tidende at nordgåande hurtigbåtrute vil stoppe i Florø på grunn av været.
  • Helikopter: 15.30-avgangen til Snorre A og 18.00-avgangen til Transocean Spitsbergen og Snorre A er innstilt.
  • Klokka 13.40 opplyser Fjord1 at sambandet Oldeide-Måløy er innstilt på grunn av vinden. Klokka 15.20 seier regionleiar Tor Kristoffersen i Fjord1 til Firdaposten at det bles ganske kraftig i området, og at dei vil vurdere fortløpande om det er forsvarleg å legge utpå med ferja.
  • Etter det Firdaposten kjenner til går båtrutene i Florabassenget som normalt.

Artikkeltags