Snødekke på overgangane mellom vest og aust

SNØ: Slik såg det ut på riksveg 52 over Hemsedalsfjellet klokka 08.18 fredag morgon. Dette er 1140 meter over havet.

SNØ: Slik såg det ut på riksveg 52 over Hemsedalsfjellet klokka 08.18 fredag morgon. Dette er 1140 meter over havet. Foto:

SAMFERDSLE: Her kan du følge med på fjellovergangane.

DEL

På riksveg 52 over Hemsedalsfjellet er det snø- og isdekke, og fare for glatte parti. Fredag morgon var det null grader. Det skriv Firda.

På riksveg 15 over Strynefjellet er det snø- og isdekke, og fare for glatte parti. Torsdag kveld var det sju minusgrader, søraustleg laber bris og lettskya opphaldsvêr.

På fylkesveg 50 Hol-Aurland er det vekslande mellom bart og vått, og fare for glatte parti. Fredag morgon var det tre minusgrader, laber bris og opphaldsvêr.

På riksveg 13 over Vikafjellet er det bart, delvis snødekke og fare for glatte parti. Fredag morgon var det null grader, laber bris og lett snø.

Utanom fjellovergangane er det ikkje meldt om glatte vegar eller andre vegutfordringar i Sogn og Fjordane, per fredag klokka 08.20.

Trafikkoperatør Idar Sangolt seier vinterdekk er nødvendig for dei som skal opp i høgda.

Her kan du sjå oppdaterte vegmeldingar for Sogn og Fjordane.

Artikkeltags