Framover vil vegvesenet ha fleire beltekontrollar i buss

Illustrasjonsbilde

Illustrasjonsbilde Foto:

På Vestlandet driv Statens vegvesen med beltekontrollar heile året. Frå torsdag 15. mars blir det enda fleire kontrollar av beltebruk i buss.

DEL

– Heldigvis er det få bussulykker på Vestlandet. Men om du sit utan belte og det skjer ei ulykke kan det få store konsekvensar for deg, seier Anne Margrethe Bøe, kampanjeansvarleg i Statens vegvesen Region vest i ei pressemelding.

Ein viktig livreddar

– Det er heilt klart at det å bruke belte i buss er ein livreddar både for din eiga del, men også for andre passasjerar på bussen. Fleire av dei som har mista livet i bussulykker dei siste åra kunne overlevd om dei hadde brukt belte, seier Bøe.

Frå 2014 til 2016 blei ni menneske drepne i bussulykker. Dei mest alvorlege bussulykkene i Norge har vore i bussar med belte, men mange passasjerar har dessverre valt å ikkje bruke belte.

I fjor kontrollerte Statens vegvesen 1087 bussar med totalt 18 782 passasjerar. Då sat 705 passasjerar utan belte.

– Mange er klar over at det er påboden å bruke belte i buss, og vi ser at fleire hugsar på det. Det viser seg at fleire enn tidlegare har forstått at det mykje høgare risiko for at noko kan gå gale om dei ikkje brukar belte, seier Bøe.

Ta med seg den gode vanen

– Dette er ei positiv utvikling vi ser, men vi har framleis ein veg å gå. Folk er flinke til å bruke belte i bil og vi ønsker at dei skal ta med seg den gode vanen når dei køyrer buss. Meir informasjon, kontrollar og gebyr er med på å auke beltebruken, seier Bøe.  

Du kan nemleg risikere å få ein bot på 1500 kronar om du sit utan belte under ein kontroll. Statens vegvesen sin klare oppmoding er at bussane bør ikkje vere ein «frisone» for beltebruk.

Artikkeltags